Innsiktsfull debut
Klassekampen 26.02.2007
Amund Grimstad kultur@klassekampen.no
Trøndelag teater gir scene til fire relativt unge dramatikarar. Etter
premiera på dei første to, kan vi slå fast at dette er eit tiltak som har livets
rett og meir til!
Bak den særs tåpelege tittelen Trondheim Open, har Trøndelag teater invitert
fire forfattarar til å skrive kvar sin einaktar for framføring på Studioscena.
Dei fire har relativt ulik erfaring, og nokre har ikkje skrive for teater før.
Onsdag var det premiere på oppsettingane til Frode Sander Øien og Carl Frode
Tiller, og rett etter påske er det duka for Tale Næss og Johan Harstad.
Frode Sander Øien debuterte som dramatikarar for eit år sia då han sjølv
dramatiserte sin eigen roman, «Fantastiske Pepsi Love», for teater. Det var ein
imponerande debut, og synte ein forfattar som tydeleg hadde fatta mye av
teatrets eigenart. Oppsettinga var eit ungdomsstykke som nytta generasjonens
eige språk. I «Eplehagen» har han valt å skildre ein atskillig eldre person; den
feterte, litt livstrøytte, og temmeleg sjølvopptatte forfattaren Daniel Becker.
Skrivinga er det slutt på, og tida blir nytta til epledyrking. I retrospekt
samtalar han med sitt yngre alter ego, og slik går no dagane. Byen hans skal
avduke statue av Becker, og han let seg motvillig overtale til eit intervju.
Møtet tar ei heilt anna retning enn han venta seg då den unge journalisten
konfronterer han med fortida. Dei vala han i store ord omtalar som kunsten
framfor alt, blir med eitt ynkelege når han blir tvunge til å sette seg til doms
over seg sjølv.
Harald Brenna er den gamle, og både dialogen med den unge, utsegnene om kunsten,
og etter kvart intervjuet med journalisten er naturlege og til å tru på. Men der
Øien i «Fantastiske Pepsi Love» indikerte og mana fram bilde, blir det her etter
kvart måla ut med litt for brei pensel. Eg skal ikkje seie korleis noko går, men
maskefallet kjem for tidleg, og historia er blitt altfor føreseieleg til å bli
truverdig. Prosjektet hans er å seie noko om dei vala vi gjer og kva dei fører
til, men det hadde vore mogeleg utan å vere så tydeleg. I Nora Evensens regi er
det heller ikkje så mye att til fantasien. Det er synd, for prosjektet til Øien
er godt, og teksten hans spennande. Men handlinga snublar av og til i litt for
opplagte klisjear.
Carl Frode Tiller har, etter det eg veit, aldri skrive for scena før. Han
imponerte voldsamt med debutromanen sin, «Skråninga», for seks år sia. Korleis
kunne ein ung og urøynd mann vite så mye om menneskesinnet, og i tillegg vere i
stand til å formidle det? Etter å ha sett scenedebuten hans, «Folkehelsa», er eg
endå meir imponert. Dette er ein dramatikar i full blomst!
Ramma er eit ektepar (Janne Kokkin og Trond Peter Stamsø Munch), som har alt,
men som har mista det vesentlege, og som har kome til eit punkt der det er på
tide å gi litt faen. Eit tilsynelatande vellukka par som, saman med to mødrer og
ein noko meir livsnytersk bror, samlar seg rundt eit middagsbord. Og så er vi i
gang med eit tett og intenst kammerspel. Det er ein intelligent, observant, og
ikkje minst særs humoristisk dialog Tiller gir oss. Humoren ligg i underteksten
og i ei setting som fort kan bli ein interessant spegel på våre eigne liv. Og
Tiller si innsikt i rollespela, hersketeknikkane og den verbale krysselden vi
både forsvarar oss og går til åtak med, er det berre å ta av seg hatten for. Med
humor og heilt uvanleg presis observasjonsevne syner han oss den formålslause
verbale kampen vi alle kan kjenne oss att i.
Regien til Kjersti Haugen understrekar på effektfullt vis det Tiller har på
hjartet. Jamvel om merksemda er knytt til ekteparet og deira konflikt, er
parallelle historier frå dei tre andre aktørane, samt utsøkt bruk av rekvisittar,
små stiliserte scener og ei rekke raffinerte repetisjonar med på å gjere
oppsettinga komplett. For det var det ho var. Og når eg i tillegg kan fortelle
at ensemblet leverte strålande spel, toppa av ei Janne Kokkin i storform, har
vel lesaren for lengst forstått at dette er godt teater.